Ane Sofie – lærling Fokus Elektro

Ane Sofie, elektrikerlærling - www.ofelsf.no
  • Alder 19år
  • Stilling Lærling 2.året i elektrikarfaget.
  • Lærebedrift Fokus Elektro AS, Florø.
  • Bur heime med foreldre.
  • På fritida spelar eg i korps. Eg er veldig interessert i musikk, eg spelar ukulele og trombone.
    Så er eg med kjærasten på garden hans, der køyrer eg traktor og hjelper til med sauene.
    Eg har kjempe lyst på banjo. Og to alpakka. Eg spelar litt X-box, «League of Legends».

FØR VGS

  • Hugsar du første gongen du tenkte elektrofag?
    På ungdomskulen visste eg at eg ville gå yrkesfag. Eg tenkte at 3år med studiespes ville bli veldig tungt etter at ungdomskulen var ferdig. Så då valde eg elektrolinja når vi skulle hospitere til VGS i 10.klasse. Det var veldig kjekt!
  • Korleis blei du kjend med faget før valet?
    Eg hadde vener og kjende som både gjekk på elektrofag, og arbeida som elektrikar.
    Eg synes dette var interessant, og spurte dei litt om kva gjekk ut på.
  • Kva var familien sin reaksjon?
    Eg har alltid vert veldig glad i dyr, så mamma trudde eg skulle gå den retninga. Ho blei overraska over valet mitt, men synes det var veldig tøft at eg turte å gå utafor dei tradisjonelle «jente-faga».
  • Kva sa vennane dine?
    Dei støtta meg. Dei synes òg at det var tøft, og sa at dei synes det var eit yrke som kunne passe til meg.
  • Kva jobbar familien din med? Foreldre/ søsken?
    I min familie har vi ikkje elektrikarar, men kokk, lærar, møbelsnekkar.
  • Lønn var ein av fordelande med elektrofag, det freista.

ELEV

  • Korleis var elektrofag på skulen? Favorittfag/ verste fag?
    Kjekkaste var automasjon! Det kjedelegaste var antenner og sånt.
  • Sosialt på skulen?
    Veldig kjekt, mykje sprell og moro med gutane i klassen.
    Eg fekk òg betre karakterar enn på ungdomskulen!
  • Var det andre jenter i klassen?
    Berre meg og gutar. Vi var 12 elevar i klassen.
  • Kordan var det å vere i mindretal mtp gutar i klassen?
    Det gjekk veldig fint. Eg er vakse opp med mykje gutar i slekta og blant vener, så det var ikkje noko nytt. Tanken på å gå i rein jenteklasse freista kanskje ikkje heller..
  • Visste du kva bedrift du ville bli lærling i? Kvifor?
    Ja, eg hadde vert utplassert i bedrift når eg gjekk VG2. Eg valde Fokus Elektro AS, og der vart eg tatt veldig godt imot. Eg tenkte at dette var ei bedrift eg kunne trivast i.
  • Var det vanskeleg å få læreplass?
    Eg søkte læreplass i to bedrifter, og fekk først svar frå Fokus Elektro. På VG2 var eg utplassert her så eg kjende godt til at miljøet var bra, så då takka eg ja.
  • Rådgivar. Eg fortalde at eg var interessert i TIP, bygg eller elektro. Då fekk eg beskjed om at eg fekk søke elektro, ferdig med den saken. Eg fekk ikkje så god informasjon samanlikna med vennane mine som gjekk studiespes.

LÆRLING

  • Kjende du nokon frå før?
    Det var fire elevar frå mitt kull som fekk læreplass her, så det var eit fint utgangspunkt.
  • Var arbeidet som forventa?
    Det var ein omstilling å måtte stå opp tidlegare, men det gjekk fort over.
    I byrjinga var eg mykje på verkstaden og bygde tavler. Det var nytt å jobbe med så store tavler, men det var veldig kjekt og utfordrande! Første lønna var stor stas å få!!
  • Kva synes du var verst med å begynne som lærling?
    Å snakke med kundar var skummelt. Det var rart å snakke med framande folk, men eg blei vand med og flink til dette etterkvart.
  • Kva synes du var best med å begynne som lærling?
    Å få utfordre seg sjølv, bli kjent med nye folk og arbeide praktisk. Det er faktisk mykje meir sosialt å vere på jobb enn på skule. I timane på skulen kan ein ikkje snakke, på jobb kan du snakke om akkurat kva du vil. Både om jobb og fritid. Ein blir godt kjend.
  • Kordan vart du tatt imot hos kundar?
    Eg har høyrt av eldre par at dei synes det er veldig kjekt at eg kjem som jente. Eg blir generelt veldig godt tatt imot.
  • Er det trygt og sikkert å jobbe i elektrobransjen?
    Det er ein trygg jobb å vere i, men ein må sjølvsagt ha HMS høgt i fokus. Vi må alltid følgje rutinane vi har for sikkerheit.
  • Må ein vere som ein gut for å jobbe i eit mannsdominert yrke?
    Nei, man trenger ikkje vere som ein gut. Personleg er eg kanskje litt meir røff i språket og mykje med gutar ellers, men det er berre sånn eg er. Det er inga oppskrift på korleis du må sjå ut eller kva du må vere interessert i, så lenge du kjem overeins med kollegaer og gjer jobben skikkeleg. Vi har forresten sjølvsagt eigen jente garderobe og toalett.
  • Kva er planane dine etter læretida?
    Eg vil jobbe som elektrikar. Dersom eg synes kvardagen blir kjedeleg så kan eg ta eit fagbrev til, eller går meir skule når eg blir eldre.
  • Kva type menneske passar inn i elektrofag?
    Folk som toler å bli litt skitten på hendene. Du kan komme i fare for å knekke ei nagl, hehe. Humor er viktig, sjølvironi er et must. Samtidig må ein kunne opptre seriøst når det trengs.

Tekst og bilete: Lisa Marie Mo