Nyttig info og tips
Firdavegen 6
6800 FØRDE
Concord
Kvifor elektrofag?
Satsar du på elektrofag har du uante moglegheiter
Korleis få læreplass
SØKE I LÆREBEDRIFT
Etter to eller tre år i skule er det tid for å søke læreplass, alt etter kva fag du har tatt.
Du kan begynne læretida allerede etter VG1 dersom du har ei lærebedrift som gjer dette.
Du må ta alle gjeldande eksamen i løpet av læretida, men får begynne tidlegare med den praktiske læretida.
Du leverar søknad direkte til bedriftene, det må vere ei godkjend lærebedrift.
Det kan vere lurt å bli kjend med relevante bedrifter allerede i YFF faget på skulen.
Begynn å søke tidleg siste vårsemester, og vis gjerne initiativ ved å møte opp personleg, eller ringe bedriftene.
Når ei av våre medlemsbedrifter har funne seg ein lærling tar dei kontakt med oss i Opplæringskontoret for elektrofag i Sogn og Fjordane.
Rettigheter
Ungdom som har gått på grunnskule eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett til vidaregåande opplæring.
Ungdomsretten gjeld ut det skuleåret som begynner det året du fyller 24 år.
Opplæringslova gjeld for alle offentlege skular i Noreg, og har eige kapittel om vidaregåande skular og fagopplæring.
Ein lærling er under opplæring samtidig som han er arbeidstakar.
Derfor gjeld òg arbeidsmiljølova.
Dersom lærekontrakta di er godkjend av Vestland Fylkeskommune kan du søke stipend og lån av Lånekassen.
Oppmelding til eksamen
REST TEORI?
Alle lærlingar som har rest teori og skal ta eksamen i løpet av læretida skal melde seg opp på Privatistweb.
Her loggar du deg inn på din private profil, melder deg opp og får sjå eksamensresultat når sensur er klar.
Ein kan melde seg opp to gongar i året.
Januar -med eksamen i mai/juni.
August/september -med eksamen november/desember.
Følg med på Privatistportalen for eksakte datoer.
Har du behov for tilrettelegging av eksamen?
Dersom du har spesielle behov eller ulike vanskar/funksjonshemningar som gjer det naudsynt med særskilt tilrettelegging av eksamen, klikk her.
Fagprøve
For våre lærlingar er det vi i Opplæringskontoret for elektrofag som står for oppmelding til fagprøva.
Vi melder opp alle lærlingar fire månadar før lærekontrakta går ut.
Vi melder dykk opp til Vestland Fylkeskommune, som må godkjenne prøva. Dette kan ta noko tid.
All teori må vere bestått for at oppmelding skal bli godkjend.
Prøvenemnda tek etterkvart kontakt med lærlingen, og/eller lærebedrifta for å avtale nærare prøve og dato.
TILRETTELAGT FAGPRØVE:
Du må ha nyare dokumentasjon frå sakkyndig part, og sende dette inn HER.
Dersom du vil vite meir kan du kontakte oss eller lese HER.
Tidlegast tre månader før læretida er slutt.
Hovudsakleg seinast innan læretida går ut, ihht lærekontrakta di.
(du finn lærekontrakta di ved å logge inn på Vigo)
For å få fagbrevet må du ha bestått fagprøva og gått ut heile læretida di.
Læretid + fagprøve = Fagbrev!
Fagprøva skal gjennomførast på prøvestasjon eller i lærebedrifta (eller hos kunde).
Vårt opplæringskontor har tilgang til prøvestasjonar for
Fagprøva går normalt over 5-7 arbeidsdagar, men kan variere dersom ein tar prøva i eiga bedrift/ ute hos kunde
Prøva består av fire hovuddelar:
Første dagen av prøva kjem to sensorar frå Prøvenemnda for å gjennomgå prøva med deg.
Planleggingsdel skal normalt leverast inn digitalt på slutten av første dagen.
Resten av tida jobbar du sjølvstendig med prøva.
Siste dagen kjem sensorane igjen for vurdering, utspørjing og karaktersetjing av fagprøva.
Du kan få tre karakterar:
Her kan du bestille dokumentasjon på fag-/sveinebrev, kompetansebevis og vitnemål.
Vegen vidare etter fagbrev
Når fagprøva er bestått og læretida er ferdig får du fagbrevet ditt.
Dette er et verdipapir som du har med deg resten av livet.
Med fagbrevet i hand kan du gå vidare til Fagskule, Høgskole eller Universitet.
Du bestemmer sjølv kor langt du vil gå.
Med fagbrev frå elektrofag kan du søke deg direkte inn på ingeniørutdanning gjennom Y-vegen.
Dette krever ikkje studieforberedande kurs.
Skjema til nedlasting
Reiserekning: Reiserekning OFEL
Automatiseringsfaget
Læreplanen for VG3: AUT03-04
Her finn du informasjon for våre lærlingar i automatiseringsfaget: PERM AUTOMATIKER VERDI 2022 LK20
Informasjon om faget/ yrket:
Dataelektronikerfaget
Læreplanen for VG3: DAT03-03
Her finn du informasjon for våre lærlingar i dataelektronikarfaget: PERM DATAELEKTRONIKAR 2022 LK20
Informasjon om faget/ yrket:
Elektrikerfaget
Læreplanen for VG3: ELE03-03
Her finn du informasjon for våre lærlingar i automatiseringsfaget: PERM ELEKTRIKER 2022 LK20
Informasjon om elektrikarfaget:
Energimontørfaget
Læreplanen for VG3: EMO03-02
Her finn du informasjon for våre lærlingar i energimontørfaget: (kjem)
Informasjon om faget/ yrket:
IT-Driftsfaget
Tavlemontørfaget
Læreplanen for VG3: TAV03-03
Her finn du informasjon for våre lærlingar i tavlemontørfaget: (kjem)
Informasjon om faget/ yrket:
Telekommunikasjonsmontørfaget
Læreplanen for VG3: TEL03-02
Her finn du informasjon for våre lærlingar i telekommunikasjonsmontørfaget: (kjem)
Informasjon om faget/ yrket:
Ventilasjonsteknikkfaget
Læreplanen for VG3: VEN03-01
Her finn du informasjon for våre lærlingar i ventilasjonsteknikkfaget: PERM VENTILASJONSTEKNIKKFAGET 2022 LK20
*video kjem*
Læreplan i ventilasjonsteknikkfaget
Vg3 ventilasjonsteknikkfaget handlar om arbeid på ventilasjonsanlegg, produkt, energiløysingar og metodar for komfortkjøling.
Faget handlar òg om tekniske og energieffektive klimaløysingar for å oppnå godt inneklima og god folkehelse. Vidare handlar faget om å utvikle sjølvstendige fagarbeidere for å møte arbeidslivet sitt behov for omstilling og samfunnet sine krav til funksjonelle, bærekraftige og sikre ventilasjonssystem. Les meir.