Firdavegen 6
6800 FØRDE
Concord
Informasjon
Målsetting
MÅLSETJING
Vår målsetjing er å rekruttere fleire jenter til elektrobransjen i Sogn og Fjordane, samt å hindre at dei som allereie er i bransjen ønsker å forlate den på grunn av praktiske og/eller psykososiale utfordringar. Det vere seg manglande garderobe, tilpassa arbeidskler, verktøy, verneutstyr, eller trakassering, diskriminering, manglande varslingsrutinar og liknande. Vi opplev at bransjen utviklar seg i riktig retning, og at her er stort potensiale for å nytte jentenettverket vårt til å styrke denne utviklinga.
KVA VIL VI OPPNÅ?
- Gjere vegen inn i bransjen trygg og stabil for den framtidige kvinnelege fagarbeidaren ved å ha eit nettverk som tek dei imot allereie første året på vidaregåande skule.
- Auka trivsel og tryggleik for jentene som allereie er i elektrobransjen, ved å vere ein lett tilgjengeleg og lokal ressurs spesielt for denne gruppa.
- Styrke kjennskapen mellom jentene i bransjen, på tvers av rolle og alder, slik at ein lettare kan søke kontakt, råd og/eller støtte i kvarandre.
- Auke kompetanse og trivsel i bransjen gjennom kjønnsblanda miljø.
- Gjere bransjen i vårt område betre rusta til å ta imot ungdom og vaksne uavhengig av kjønn.
KVIFOR?
- Elektrobransjen vil trenge fleire med yrkesfagleg kompetanse både lokalt og nasjonalt i åra som kjem. Elektrofag står sentralt i det grøne skiftet, og storparten av våre bedrifter i Sogn og Fjordane melder at dei har behov for fleire fagarbeidarar allereie no.
- Vi treng auka interesse og større grunnlag blant ungdom for å velje eit elektrofag på vidaregåande skule.
- Elektrobedriftene er godt eigna som arbeidsplass for begge kjønn. Og er velorganisert med heile stillingar, ryddige arbeidstider og god løn.
Aktivitet
2024
Samling for Jenter i Elektro SF
Årets samling 19.april i Sogndal!
Klatring med instruktør, middag og overnatting på hotell.
ELBUS
Vi får innvilga 145 000kr av ELBUS !
Nelfo Opplæringskonferanse
Kvinnenettverk og rollemodeller
Panelsamtale, ledet av Andreas Strømsheim- Aamot, Nelfo.
2023
Podcast: Elektrokanalen
Nelfo Årskonferanse
Kvifor starte eit jentenettverk? Kva er motivasjonen?
Undersøking: Trivsel på arbeidsplassen
Her finn du resultatet av ei undersøking av vårt område.
Årets samling for Jenter i Elektro SF!
Les meir her .
Nelfo Opplæringskonferanse
Lisa og Montørjentene v/Heidi Lie presenterte jentenettverket, og ELBUS ordninga!
ELBUS og Sparebankstiftinga!
Vi får innvilga 105 000kr av ELBUS og 20 000kr av Sparebankstiftinga for å holde jentesamling!
2022
Eigen logo!
Designa eigen logo, bestilt og delt ut gensere til alle elevar og lærlingar i nettverket.
Årets samling for Jenter i Elektro SF!
Les meir her.
<2021
Intervju
Intervju med nokre av våre kvinnelege lærlingar.
Sjå i fana under her.
Statistikk
Vi har 3-4% kvinner i elektrobransjen.
Dette statistikken kjem frå forskjellige kjelder:
- Utdanning.no har statistikk som ligg på 2,6% kvinnelege elektrikere.
- El og It sine medlemstal ligg på 15-16000, der omlag 4% er kvinner.
Frå tala til El og It Vestland:
Antal eldre kvinner i bransjen er svært lav (0,9%).
Dette er med på å trekke ned andelen kvinner totalt.
Dersom vi ser på nyare tal aleine, feks kvinner i elektrobransjen mellom 32-33år, ligger vi faktisk heilt oppe i 6-10 %!
Kan dette tyde på at samfunnet er på rett veg, at mangfoldet gjer ein solid oppsving, og at jentene faktisk blir verande i bransjen vår?
Komme i gong
Slik oppretta vi kvinnenettverket for vår region:
- Vi oppretta ei facebookgruppe.
Den er synleg slik at ein kan søke den opp for å bli medlem, men kun open for godkjende medlemmar.
Ein må skrive inn kva utdanning/skule/bedrift ein er med i når ein ber om å bli medlem. - Vi inviterte alle våre kvinnelege lærlingar, og elevar i elektrolinjene på VGS.
Send ein epost med lenke til gruppa, så distriuberer lærarane dersom du ikkje får besøkt alle skulane sjølv. - Kvinnelege fagarbeidere meldte si interesse for nettverket, vi utvida kriterie for medlemskap slik at desse vart med.
- Faglærere på skulane, samt ingeniører med fagutdanning i bedriftene ønska å vere med, dei er ofte ein minoritet på sin arbeidsplass, så det vart naturleg å inkludere dei.
- Laga logo/namn på nettverket slik at det skulle vere lett gjenkjennbart.
Vi hadde idèmyldring på kontoret, og laga ein heimelaga logo uten profesjonell hjelp. - Vi planla ei veldig enkel samling på eit par timar, med enkel servering, ein torsdags ettermiddag.
Vi var nesten 30 oppmøtte, så behovet er der, veldig bra! - Neste samling vart planlagt, denne gongen med middag og overnatting.
- Vi søkte midlar frå ELBUS.
- Sendte forespørsel til næringslivet i vårt område om sponsorgåver.
Desse vart delt ut og lodda ut på samlinga -stor suksess. - Samlingane har størst fokus på trivsel og kjennskap.
Å skape tilhørighet på tvers av bedrifter og avstander er viktig for å få kvinnene til å bli verande.
Quiz med oppdeling i lag, og premieutlodding, har vore storsuksess.
La ei av dei eldre, og ei av dei yngre fortelle resten litt om deira veg inn i bransjen?
Inviter Montørjentene eller andre med kompetanse på rettigheter i arbeidslivet?
Vi snakkar lite om korleis ståa er i bransjen (det veit vi alle). - Be om evaluering i etterkant, ta kritikk og rett opp til neste samling.
Det er ikkje sikkert at vi som arrangør av samlinga har rett fokus, finn ut kva som er viktig for medlemmane.
Kvinnene i vårt område ønska for eksempel ikkje eksterne SOME-kvinner som foredragsholdere slik eg foreslo, dei ønska å høyre frå eigne medlemmar.
Dette er viktig å finne ut av, slik at samlingane blir nyttige og aktuelle for medlemsmassen.
Vedlikeholde nettverket
- Årleg samling for alle medlemmar i nettverket. Dette skal vere ei fysisk samling som legg til rette for betre kjennskap, samt kompetanseheving.
- Jamlege oppdateringar frå bransjen blir distribuert til nettverket via Facebook-gruppe.
- OFEL vil nytte nettverket sin kompetanse og erfaring inn i sitt arbeid med opplæring i Sogn og Fjordane.
- OFEL har tett kontakt med bedriftsledere, og har tema som «kvinnerekruttering» og «trivsel i bedriftene» på agendaen til medlemsmøtene med bedriftene. Førre medlemsmøte hadde vi feks besøk av Nina Tennebekk frå NHO, ho tok føre seg «Førebygging og handtering av seksuell trakassering».
- Nettverket skal ha ei eiga arbeidsgruppe.
Vi søker samarbeid med naturlege partar som har ønske om å støtte målsettinga til nettverket
- Montørjentene El og It
- Nelfo Sogn og Fjordane/ Nelfo sentralt
- NHO
- Lokalt næringsliv, våre medlemsbedrifter
- Jentenettverk i andre opplæringskontor/regionar
Intervju med våre jenter
Les meir om..
Montørjentene
EL og IT Forbundet Vestland
Montørjentene er et utvalg i Elektroarbeidernes fagforening som blei oppretta i 2012.
Utvalet sitt mandat er å betre forholda for kvinner på byggeplassen, spesielt med tanke på garderobeforhold og arbeidskle.
Dei fokuserer òg på å få fleire kvinner til å utdanne seg til elektrofaga, og ikkje minst få dei til å bli verande i faget.
Kvinneandelen i Elektroarbeidernes Fagforening Vestland har meir enn dobla seg sidan Montørjentene blei etablert.
Les den flotte talen til leiar Henriette Thorsen på landsmøtet til EL og IT Forbundet 2023.
SOME
Følg Montørjentene på Facebook, Instagram eller Snapchat for å henge med på kva som skjer!
Jenter i Bil og Elektro
Fra 2008 til 2012 dreiv Inger Vagle og Ellen Møller eit prosjekt som dei kalla «Jenter i bil og elektro». Dette prosjektet anbefalar eg både jenter, gutar og arbeidsgivarar å lese. Det kan vere svært nyttig å setje i gang tiltak for å auke andelen jenter i elektrobransjen. Kvar bedrift har eit eige ansvar for å tilpasse seg, og gjere arbeidsmarkedet attraktivt for jenter.
Les sluttrapporten her: Jenter i bil og elektro
For å oppnå auka forståing og bevisstgjering rundt jenter sin situasjon i mannsdominerte bedrifter fekk dei deltakande bedriftene i oppgåve å lage kvar sin handlingsplan. Her vil eg trekke fram ein av handlingsplanane som eit eksempel:
«Handlingsplan for Toyota Oslo AS.
Utarbeidet av utvalget for prosjektet for Toyota Oslo, utvalgsleder og klubbleder, to kvinnelige lærlinger, opplæringsansvarlig, HMS-ansvarlig og verneombud.
Vi skal:
Opplyse bedriften om fordelene med jenter på arbeidsplassen. På alle nivå.
- sikre rekruttering
- øke mangfoldet
- øke trivsel for alle
- hindre generalisering av de jentene vi allerede har
- fordel med en arbeidsstokk som er mer et tverrsnitt av befolkningen (kundene).
Tiltak:
- Kvinnelig kontaktperson
- Sikre et varslingssystem som fungerer. PC basert “fritt frem bok” – på alle
avdelingene. - Opprette jentenettverk.
- Kontakte våre klesleverandører og undersøke tilbudet til jenter der iht. klær og sko.
- Fjerne dameplakater og kalendre. Jobbe for å bli kvitt bilbransjens “pornostempel”.
- Undersøke sanitær forhold og hygiene på avdelingene.
- Rundtur på avdelingene for å kartlegge diverse forhold.
- Oppfølging av faddere til jenter. Danne nettverk her og?
- Forbedre firmaets “ansikt utad” og image for jenter. Verdsette jentene som individer og øke yrkesstoltheten for jenter
- Fadder må hjelpe til å sette klare grenser for trakassering og diskriminering. Være den gode leder og støttespiller den skal være.
HMS! utrolig viktig. Må kunne være stolt av arbeidsplassen. Ingen må tro at det er hit du havner, hvis du ikke er flink på skolen! Det skal være et mål å komme hit.
- Oppstartsmøte for lærlinger. Med tillitsvalgt og kvinnelig kontaktperson.
- Hjelp og oppmerksomhet. For mye, for lite? Spørre jentene rundt om.
- Gi jentene følelsen av å være en ressurs og ikke en belastning!
Bransjenes langsiktige mål er at kvinner skal utgjøre 20 % av arbeidsstokken innen 2020.«
Artiklar og forsking
-
Henriette og Mari kobler kvinnelige elektrikere sammen gjennom Snapchat
- Lea Erlandsen er Norges Hyggeligste Håndverker 2023
-
Toalett for kvinner på byggeplasser
-
Dette lokker jenter til elektrofag
-
Intervju av Marte -ho var einaste jenta i klassen
-
Kvinner i Teknikk og Handtverk
-
Dette lokker jenter til elektrofag
-
Frå helsesekretær til elektrikar
-
Veidekke vann gull (Magnet Awards) for sitt fokus på rekruttering av både jenter og deira foreldre.
-
El og It si oppfølging av Jenter i Bil og Elektro