MADELEINE – LÆRLING ULVESUND ELEKTRO AS

Jenter i elektro - www.ofelsf.no
  • Alder 19 år
  • Stilling Lærling 1.året Automatikerfaget.
  • Lærebedrift Ulvesund Elektro AS.
  • Bur heime med foreldre og søsken.
  • På fritida er eg med vener og trenar.

FØR VGS

  • Korleis blei du kjend med faget før valet?
    Vi hadde faget Utdanningsval med rådgivar på ungdomskulen. Der fikk vi lite informasjon. Eg fekk beskjed om at eg hadde gode karakterar og burde gå studiespes, men det ville eg ikkje. Vi måtte lese oss fram til kva vi ville søke på, så eg undersøkte utdanning.no.
    Det var der eg såg at eg hadde mange moglegheiter i elektrofag.
  • Hugsar du første gongen du tenkte elektrofag?
    Eg har vore mykje med pappa, onkel og bestefar ute og jobba.
    Fiska, køyrd traktor og liknande. Det har vore veldig kjekt.
    Eg likar praktisk arbeid og var skulelei etter ungdomskulen.
    Eg visste eg ville velje eit praktisk yrke, og at i elektrofag ville eg ha mange moglegheiter på VG2, og seinare. Det er bra at ein kan gå kryssløp.
  • Kva var familien sin reaksjon?
    Familien min ville vite meir om elektrofag, og var veldig positive! Dei meinte eg gjorde eit godt val eg ikkje kom til å angre på. Eg fekk god støtte.
  • Kva sa vennane dine?
    Eg opplevde at mine næraste venninner ikkje var så positive. Vi var ein jentegjeng med gode karakterar, vi var gode i sport og presterte generelt veldig bra. Så ein hadde på ein måte sett føre seg at eg skulle gå vidare på studiespes saman med dei.
    Men, dei for til Måløy og eg for til Eid. Og vi er endå gode venner!
    Det var heller ingen i klassen min som trudde på at eg søkte elektrofag.
  • Kva jobbar familien din med? Foreldre/ søsken?
    I vår familie er det ein lærar, driftsteknikar på lakseoppdrett, bilmekanikar og mekanikar i industri. Så vi er ein praktisk gjeng. Pappa sin familie er spesielt begeistra for at eg har vald elektrofag.
  • Lønna tenkte eg ikkje mykje på, det er viktigare å velje det ein ønsker å jobbe med.

ELEV

  • Korleis var elektrofag på skulen? Favorittfag/ verste fag?
    Eg valgte elektrofag på Eig VGS før det var automasjonslinje der. Så kom dette som eit tilbod på same skule for VG2 når eg skulle søke vidare. Det sto mellom maritime fag og automasjon. Eg følte det var sikrare å velje automasjon sidan eg allereie hadde lært mykje i dette faget på VG1.
  • Sosialt på skulen?
    Elektrofag er ein eigen fløy på skulen. Dei andre på skulen eter i kantina, men vi var mest i klasserommet og området der. Det var positivt for klassemiljøet, men samtidig burde vi kanskje vore meir sosiale med andre klassar og linjer. På VG2 hadde vi fellesfag med andre linjer der det var fleire jenter, det var veldig kjekt.
  • Var det andre jenter i klassen?
    Ja, ei eg kjende og har vakse opp med. Eg trur det hjalp på å ikkje vere einaste jenta.
  • Kordan var det å vere i mindretal mtp gutar i klassen?
    Eg er god venn med monge av dei eg gikk i klasse med då. Det blei ikkje så tydelig skille på jenter og gutar, vi blei behandla likt. Vi var ei veldig samansveisa klasse, alle satt stort sett ilag rundt same bordet i lunsjen for eksempel.
  • Var det vanskeleg å få læreplass?
    Eg søkte hjå to bedrifter, og fekk tilbod frå begge plassane.
  • Visste du kva bedrift du ville jobbe i? Kvifor?
    Eg var utplassert i Ulvesund Elektro AS ei veke i 9.klasse. Då fekk eg intrykk av at dei jobba med interessante prosjekt , og at dei var svært positive til å ta inn jenter som lærling. Eg var òg på utplassering her ei veke i slutten av VG3, då fekk eg sjå litt kva eg kunne forvente meg å jobbe med dersom eg vart lærling hos dei. Dei arbeidar mykje med båt/maritime og det har eg interesse for.

LÆRLING

  • Kordan vert du tatt imot hos kundar?
    Eg har vore på nokre få sjølvstendige oppdrag der eg har direkte kontakt med kunde. Eg synes det har fungert veldig bra. Det kan bli påpeika at eg er jente, men berre på ein positivt overraska måte. Eg blir jo sjølv overraska dersom eg møter andre jenter på arbeidsplassen så det er ikkje så rart.
  • Kjente du nokon frå før?
    Ja, eg visste kven nokre at dei som har gått på min skule var. Det er òg nokre heimefrå som jobbar her, og så var eg jo her på utplassering tidlegare.
  • Var arbeidet som forventa?
    På skulen var det mykje programmering. Det var ikkje mi sterkaste side, så det grua eg meg litt til. Eg blei positivt overraska då eg begynte som lærling. Her er veldig mykje anna nytt og variert arbeid enn programmering heldigvis!
  • Kva synes du var verst med å begynne som lærling?
    Å ikkje ha kontroll. Å ikkje vite kva eg skulle gjere og ikkje vere god i noko. Så i starten var det tøft å måtte vere den som kunne minst blant montørar og eldre lærlingar. Eg hang meg mykje på dei eldre lærlingane for dei var flinke til å forklarte ting på ein måte eg som nyutdanna kunne forstå.
  • Kva synes du var best med å begynne som lærling?
    Å sleppe å gå på skule. Å sleppe å sitte i ro heile skuledagar og følgje med på teori. Å få prøve ut faget praktisk, og fokusere på kunnskap som ein har bruk for i kvardagan på jobb.
  • Er det trygt og sikkert å jobbe i elektrobransjen?
    Det er trygt og sikkert å jobbe med elektrisitet så lenge ein tar forhandsreglar og tenker seg om. Vi har sikkerhetskurs ein gong i året og elles rutinar for arbeidet som blir gjort. Eg arbeidar som oftast utan påsett straum.
  • Kva er planane dine etter læretida?
    Det er hovedsakleg fagskule. Eg har òg tenkt på ingeniøryrket innafor maritime elektro, då vil eg ta utdannelse i Forsvaret.
  • Må ein vere som ein gut for å jobbe i eit «gutteyrke»?
    Absolutt ikkje. Eg kan gå med sminke på jobb, ha pene negler, bruke smykker osv. Eg gjer akkurat slik eg vil, så lenge det er praktisk og ikkje er farleg. Det kan nok vere litt tøffare holdningar og språkbruk på ein mannsdominert arbeidsplass, men det er òg rom for å vere meir tilbakeholden og roleg som person. Gutane er kanskje meir forsiktig med meg enn med andre menn.
  • Kva type menneske passar inn i elektrofag?
    Eg trur alle passar inn dersom dei får rett opplæring. Eg er ikkje ein typisk elektroperson. Ein treng ikkje ha fritidsinteresse for manualar og forskrifter akkurat, men ein må ha motivasjon for faget og ha lyst til å jobbe med det. Ellers vil ein kjede seg på jobb, det går ut over humøret, arbeidsmiljøet og dermed kvaliteten på arbeidet.
  • Jente garderobe og toalett?
    Det har vi på Ulvesund, men ikkje alltid hos kundar. Der er det forbedringspotensialer..

Tekst og bilete: Lisa Marie Mo