Malin er lærling i Firda Elektro AS

Intervju og bilete av Johan Lothe i Firda Tidend.

– Eg starta som lærling i Firda Elektro i sommar, og storkosar meg, seier Malin Nesdal Aske.
18-åringen frå Fjellbygda er akkurat ferdig med skulegangen, og har starta på arbeidslivet.

Aske har dei siste åra gått el-fag på Eid vidaregåande skule. Det var interessa for praktisk retta fag, samt ei vellukka utplassering, som lokka ho til Eid.

Jobbar i lag med andre

Denne veka var Aske med på å installere det elektriske anlegget i eit nytt bustadhus på Reed. Dette arbeidet gjorde ho saman med ein kollega frå Firda Elektro.

– Hus-installasjonar er noko eg har gjort mykje sidan eg starta som lærling, seier ho.

Sidan Aske er lærling, må ein sertifisert elektrikar gå over arbeidet ho utfører.

– Dersom eg lurer på noko, er det berre å spørje den som er med meg. Dei som går over arbeidet mitt er ferdig utdanna elektrikarar, og er veldig flinke, held ho fram.

Ulike arbeidsoppgåver

Kvar dag startar Malin Nesdal Aske på jobb klokka halv åtte, og ho er ferdig halv fire. Fjellbygdaren trivst som arbeidstakar, og synes det er kjekt å gå på jobb.

– Arbeidsmiljøet er godt, og eg kosar meg uansett kven i bedrifta eg arbeider saman med, seier ho.

Som fersk lærling gjer Aske mykje forskjellig for å skaffe seg erfaring.

– Det er blitt alt frå tilknytingsskap, sikringsskap, stikkontaktar og vanleg komplettering. Eg prøver å lære mest mogleg, opplyser ho.

18-åringen gler seg til å bli elektrikar, men har framleis to og eit halvt år att som lærling. På vegen er det òg nokre fagprøver som ein må bestå.

Kjekk utplassering

Andre året ved Eid vidaregåande skule tok ho fordjupingsfaget el-energi. Når ein går el-fag, er det berre to år med skule, før ein kan gå ut i arbeidslivet.

– Ein viktig grunn til at eg valde å gå el-fag, er at eg likar praktisk arbeid betre enn teori, seier Aske.

Ein annan grunn til at ho valde el-fag på Eid var opplevinga ho fekk under utplassering då ho gjekk på ungdomsskulen.

– Det var ei veldig spennande veke som førte til at eg søkte til Eid, seier ho.

Likar å arbeide

Malin Nesdal Aske er frå gard, og er van med å jobbe saman med far og bestefar. Ho utelét ikkje at det kan vere ein av grunnane til at ho har valt ein praktisk retta yrkesveg.

– Heime styrer vi med mange prosjekt. Vi er akkurat ferdige med å byggje garasje, og no held vi på å leggje platting, fortel ho.

Aske likar òg mindre prosjekt som krev litt pusling.

– Då eg var lita, skrudde eg øydelagde datamaskinar frå kvarandre, for å sjå om eg fekk skikk på dei. Det var ikkje alltid eg klarte å finne feilen, men eg tykte det var moro uansett, smiler ho.

Både gamle PC-ar og stasjonære datamaskinar vart skrudd frå kvarandre.

– Eg tok alt eg fekk, seier ho.

Er aktiv

Malin Nesdal Aske er ei aktiv jente og trivst godt i lag med vener.

– Eg likar å trene. Det blir mange turar i fjellet og i langrennsløypa, seier ho.

Elles er den unge lærlingen glad i å klatre. Ho har gått Via-Ferrata i Loen fleire gongar, og klatreveggen i Trivselshagen er mykje brukt.

Kjelde: FIRDA TIDEND
Tekst og foto: Johan Lothe