Marion – lærling Fokus Elektro

Marion, elektrikerlærling - www.ofelsf.no
  • Alder 20år
  • Stilling Lærling siste halvår i elektrikarfaget.
  • Lærebedrift Fokus Elektro AS, Florø.
  • Bur heime med foreldre.
  • På fritida synger eg i kor og spiller litt piano.

FØR VGS

  • Hugsar du første gongen du tenkte elektrofag?
    Eg hadde først ingen planar om kva eg skulle bli. Eg har mange i familien som jobbar i elektrobransjen, så eg kjente litt til faget gjennom dei.
    Når vi skulle utplasserast i 10.klasse valde eg elektrolinja i Florø sidan det var mest interessant. Det synes eg var veldig kjekt, så eg søkte elektrofag. Eg var endå ikkje heilt sikker på kva eg skulle gå vidare på og ta fagbrev i.
  • Korleis blei du kjend med faget før valet?
    Det vart naturleg nok gjennom min far og mine brødre som arbeidar i yrket.
  • Kva var familien sin reaksjon?
    Familien min var redd for at eg skulle gå elektrofag på grunn av dei. Foreldra mine foreslo andre vegar slik at eg skulle vite at det var heilt opp til meg sjølv kva eg valde. Men eg var heilt sikker, eg ville gå på elektrolinja.
  • Kva sa vennane dine?
    Dei synes det var litt tøft, at eg gjekk dette studiet og ikkje heilt visste kva eg skulle bli til slutt.
  • Kva jobbar familien din med? Foreldre/ søsken?
    I min nærmaste familie er det både elektroingeniørar og ein linjemontør.
  • Tenkte du på lønn: Eg spurte pappa om eg kunne klare meg på ei elektrikarlønn sjølv dersom eg blei aleine med tre ungar. Han sa nei, hehe. Men ja, ein tener godt som elektrikar!

ELEV

  • Korleis var elektrofag på skulen? Favorittfag/ verste fag?
    Eg likte automasjon veldig godt, sjølv om det var litt vanskeleg! Dataelektronikk likte eg ikkje så godt for det hadde eg ikkje spesielt interesse for.
  • Sosialt på skulen?
    Vi var ein fin klasse. Det var kjekt å gå på skulen og det var rom for mykje moro i skuletida.
  • Var det andre jenter i klassen?
    Vi var tre jenter i klassen. Læraren la veldig til rette for at vi skulle bli kjent. Elevane vart plassert alfabetisk i klasserommet untatt oss tre, vi blei plassert nær kvarandre. Det var fint.
  • Kordan var det å vere i mindretal mtp gutar i klassen?
    Det var mykje meir intern humor og moro enn ungdomskulen eigentleg. Vi fann på mykje sprell mellom timane, det er alltid litt spenning med klassen full av gutar. Eg trur ikkje det hadde vert sånn i ei klasse med berre jenter!
  • Visste du kva bedrift du ville jobbe i? Kvifor?
    Etter utplasseringa i Fokus Elektro på VG2 bestemte eg meg for å søke her. Det var ein flott plass å få arbeide. Eg synes det var eit veldig godt arbeidsmiljø, og det er viktig.
  • Var det vanskeleg å få læreplass?
    Eg søkte tre plassar, og fekk tilbod av to. Eg takka ja til Fokus Elektro.
    Det er kanskje lettare for jenter? Jenter får ikkje automatisk plass, men bedriftene er i alle fall interessert i å ha fleire.

LÆRLING

  • Kjente du nokon frå før?
    Eg kjente ingen.
  • Kordan var det å begynne som lærling?
    Eg hugsa godt første dagen min, då fekk eg og ein anna lærling ein «ekte» jobb rett i hendene. Det var veldig skummelt! Eg klarte ikkje henge opp ein vegg-boks ein gong, heilt tullete når eg tenker på det i dag. Vi fekk ikkje gjere slikt på skulen, så det var veldig nytt. Heldigvis var det god hjelp og støtte å få av kollegaene mine.
    I byrjinga vart eg plassert fast med ein montør, så vi blei godt kjent og trygge på kvarandre. Eg fekk reise litt rundt på oppdrag i nærområdet, og lenger vekk dersom eg ville det. Eg var for eksempel heilt til Tromsø ein gong.
  • Kva synes du var verst med å begynne som lærling?
    Eg er litt sjenert, så å snakke med kundar var veldig skummelt i starten. Det tok litt tid å bli vand med det, men i dette yrket er ein heilt nøydt til å ha mykje med både kollegaer og kundar å gjere. Det kan vere litt vanskeleg av og til enda, men eg blir berre tryggare og tryggare..
  • Kva synes du var best med å begynne som lærling?
    Montøren eg jobba fast med i starten var eg veldig trygg på. Så var det godt å sleppe å sitte på ein skulebenk lenger, å få komme ut og arbeide.
  • Kordan vart du tatt imot hos kundar?
    Kundar har vert skeptiske når eg kjem aleine fordi eg er lærling, men når eg er med montør går det alltid heilt fint. Nokre kundar kan ha litt overvakande oppførsel, kontrollspørsmål og skepsis fordi eg er jente. Oftast blant menn 50+. Kvinnelege kundar, spesielt eldre damer, synes det er veldig kjekt når vi jenter kjem.
  • Er det trygt og sikkert å jobbe i elektrobransjen?
    Det er viktig å følge prosedyrar for sikkerheit. Så lenge man gjer dette så er det heilt trygt. Hvis du skal ut og hoppe fra fly må du ha fallskjerm!
  • Kva er planane dine etter læretida?
    Eg skal ta fagbrev og arbeide som elektrikar.
  • Må ein vere som ein gut for å jobbe i eit mannsdominert yrke?
    Det er kanskje ikkje for dei mest fisefine jentene i verden, men du kan fint like å pynte deg og styre på elles, sjølv om du jobbar som elektrikar. Eg brukar kanskje litt anna humor på jobb enn med venninnegjengen, men det er begge sider av meg sjølv. Vi har sjølvsagt eigen jente garderobe og toalett.
  • Kva type menneske passar inn i elektrofag?
    Ikkje kranglete folk. Det fungera ikkje. Ein må kunne samarbeide godt med andre menneske for å arbeide effektivt, og det er ein fordel å ha gode sosiale evner.

Tekst og bilete: Lisa Marie Mo