OFEL
Opplæringskontoret for elektrofag
Sogn og Fjordane
Velg eit elektrofag!
Satsar du på elektrofag har du uante muligheter:
Korleis få læreplass?
SØKE I LÆREBEDRIFT
Etter to eller tre år i skule er det tid for å søke læreplass, alt etter kva fag du har tatt.
Du kan begynne læretida allerede etter VG1 dersom du har ei lærebedrift som gjer dette.
Du må ta alle gjeldande eksamen i løpet av læretida, men får begynne tidlegare med den praktiske læretida.
Du leverar søknad direkte til bedriftene, det må vere ei godkjend lærebedrift.
Det kan vere lurt å bli kjend med relevante bedrifter allerede i YFF faget på skulen.
Begynn å søke tidleg siste vårsemester, og vis gjerne initiativ ved å møte opp personleg, eller ringe bedriftene.
Når ei av våre medlemsbedrifter har funne seg ein lærling tar dei kontakt med oss i Opplæringskontoret for elektrofag i Sogn og Fjordane.
Våre lærebedrifter
KLIKK HER for oversikt over våre bedrifter.
Auke kompetanse etter fagbrev?
Når fagprøva er bestått og læretida er ferdig får du fagbrevet ditt.
Dette er et verdipapir som du har med deg resten av livet.
Med fagbrevet i hand kan du gå vidare til fagskule, høgskole eller universitet.
Du bestemmer sjølv kor langt du vil gå.
FAGSKULEINGENIØR
Med fagbrev kjem du inn på relevante linjer ved Fagskulen.
Dette er ei høgare yrkesfagleg utdanning for kompetanseheving.
Normalt heiltid over 2år eller deltid over 3år.
Fagskule gir studiepoeng (frå 1.juli 2018) som kan gi fritak frå delar av ei utdanning på høgskule eller universitet.
Kjelde
Formell kompetanse etter utdanninga: Fagskuleingeniør.
Y-VEGEN
Ingeniør uten generell studiekompetanse
Du kan gå rett på ingeniørutdanning uten studieforberedande kurs!
Med fagbrev frå elektrofag kan du søke deg direkte inn på ingeniørutdanning gjennom Y-vegen.
Opptakskrav Y-vegen:
Y-veg føreset at du har relevant fagbrev, sveinebrev eller yrkeskompetanse frå vidaregåande skule.
For søkjarar med fag-/sveinebrev etter 3 år i skule er det krav om minimum 12 månader yrkespraksis etter avlagt fag-/sveineprøve.
Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fag-/sveineprøve etter fristen kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve.
Rettigheter
Ungdomsrett
Ungdom som har gått på grunnskule eller tilsvarande opplæring, har lovfesta rett til vidaregåande opplæring.
Ungdomsretten gjeld ut det skuleåret som begynner det året du fyller 24 år.
Rettleiingstenesta
Rettleiingstenesta skal gi elevar, lærlingar, lærekandidatar, ungdom og vaksne tilgang til aktuelle fagtenester i sine læringsmiljø.
Lovverket
Opplæringslova gjeld for alle offentlege skular i Noreg, og har eige kapittel om vidaregåande skular og fagopplæring.
Ein lærling er under opplæring samtidig som han er arbeidstakar.
Derfor gjeld òg arbeidsmiljølova.
Stipend og lån
Dersom lærekontrakta di er godkjend av Vestland Fylkeskommune kan du søke stipend og lån av Lånekassen.
Studentrabatt
Les meir her.
Automatiseringsfaget
Elektrikerfaget
Energimontørfaget
Energioperatørfaget
Dataelektronikerfaget
IT-Driftsfaget
Tavlemontørfaget
Telekommunikasjonsmontørfaget
Informasjon om faget/ yrket:
Ventilasjonsteknikkfaget
Her finn du informasjon om søknad og inntak til vidaregåande skule. Fristen for å søke er 1. mars.
VIGO – nettstaden for å søke vidaregåande opplæring i skule, bedrift eller vaksenopplæring / realkompetansevurdering.