Kjekke og lærerike dagar

Siste veka på eventyr med Coboten til Ulvesund Elektro

9.klassingar frå Flora Ungdomskule

Veka begynte med ei undervisningsøkt for kjekke 9.klassingar frå Flora Ungdomskule. Dei vart skyssa til byggavdelinga på Flora VGS for ei praktisk øving med minihusbygging, og vi fekk plukke dei ut gruppevis for å vise fram dei flotte faga ein kan gå om ein vel VG1 Elektro og datateknologi.

Helen hadde i forkant kjøpt inn, snekra, skrudd saman og kopla opp nokre øvingsmodellar for å vise fram elektrikarfaget. Ikkje noke tull her i gården!
Vi har fått utvida lånetida på roboten til Ulvesund Elektro, etter besøka på Vassenden og Sande, slik at elevane i Florø òg skulle få glede av den.
Bjarte frakta og ordna for damene, og Lisa fekk rigga opp roboten klar for programmering og testing av elevane.

Dette vart suksess for dei som fekk prøve seg, med stor interesse blant elevane, og dei meistra programmeringa raskt og godt. Vi fekk tid til å leike oss litt, samt utført nokre seriøse oppdrag der dei måtte vere nøye med posisjoneringa av roboten og tenke seg at dei var på ei ekte produksjonslinje.

Det var utruleg kjekt å sjå meistringsfølelsen til elevane når roboten køyrde og oppdraget vart vel gjennomført!
I ettertid har vi fått tilbakemeldingar på at elevane har spurt lærarane sine om meir informasjon om faga våre, det er veldig kjekt om vi har vore til hjelp.

VG1 Elektro og Datateknologi

Med god hjelp frå kunnskapsrike og engasjerte lærarar fekk elektrolinja på Flora VGS undervisning i robotikk denne veka.
Elevane på VG1 fekk bryne seg rundt bruken av robotar i industrien, med alt frå planlegging, sikkerheit i arbeid, utnyttelse av roboten sine bevegelsar og funksjonar.

Eg merka godt at desse elevane allereie har fått innsikt i faget frå sitt første år på vidaregåande skule. Dei skal snart ha sommarferie og begynne på VG2, der dei skal spisse seg enda meir inn på dei faga dei har vald. Etter Vg1 Elektro og datateknologi er det nemleg 11 vegar dei kan gå, før dei etter VG2 kan fullføre utdanninga si blant omlag 20 ulike fagbrev.

Vi er stolte, og spente på kva de veljer!

VG2 Elenergi og Ekom

Denne gjengen tok programmeringa til eit nytt nivå, dei var kjapt i gong, samarbeidde godt og finjusterte roboten til dei var heilt nøgde.
Dei fekk sjølvsagt tid til å leike litt òg; det må vere lov når ein har med ei slik flott maskin.

Det var veldig kjekt å tilbringe dagen med dykk!



No skal Geir’en og gjengen i Ulvesund Elektro få Coboten tilbake, vi takkar så mykje for lånet.