Praksiskandidat
Dersom du har mykje arbeidserfaring, men manglar dokumentasjon, kan du likevel ta fag- eller svennebrev. -Udir
Ein praksiskandidat er ein privatist i yrkesfag med yrkespraksis, men som manglar teori for å få fagbrev.
Du kan gå opp til fagprøve som praksiskandidat dersom:
Du må dokumentere bestått teorieksamen i lærefaget (VG3-nivå).
Til dømes er eksamenskode for praksiskandidat elektrikar ELE3002 og ELE3003.
Du melder du deg opp til privatisteksamen HER.
Du finn eksamenskodar og tidlegare eksamenar HER.
Du må ha 5år allsidig praksis frå yrket i 100% stilling.
Det må visast gode attestar på praksisen som seier noko om kva kandidaten har jobba med og kor lenge.
Praksisen skal vurderast opp mot kompetansemåla i læreplanen for Vg3 i lærefaget.
Læreplanane for praksiskandidatar finn du HER.
Det er fylkeskommunen som etter § 3-5 i opplæringslova skal vurdere dokumentasjonen.
Attest frå arbeidsgjevar
Du må laste opp attestar som dokumenterer kor lang praksis du har, og at kunnskap og praksis er i samsvar med kompetansemåla i læreplanen til det aktuelle faget. Dette må attesten innhalde:
No kan du melde deg opp til fagprøva!
Du må legge ved dokumentasjon på praksis og bestått eksamen når du melder deg opp til fagprøva.
Du melder deg opp til fagprøva HER.
Dersom du har behov for det må du legge ved søknad om tilrettelegging og sakkyndig uttale av nyare dato.
Søknad for tilrettelagt fagprøve finn du HER.