Vårsamling 2023

Jenter i Elektro

Forarbeid

I år har vi fått støtte frå ein heilt ny pengepott som Nelfo og El&It har lagt fram.
Vi søkte og fekk midlar frå ELBUS!
Sjølv om eg kunne ønske meg at der låg eit fast budsjett for dette arbeidet vil eg sei meg svært nøgd med ELBUS-løysinga.
I forkant av samlinga gjorde vi eit arbeid med å be næringslivet om støtte i form av enkle sponsorgåver.
Eg fekk god hjelp frå tidlegare Elektroskandia-tilsett; Bjørn Kjønås. Han er i dag dagleg leiar hjå Sunnfjord Elektro AS, men tok seg tid til å snakke med sine kontaktar for å gjere jentesamlinga vår ekstra stas. Han har sjølv fleire kvinner i si bedrift, og ser nytten i å satse på at dei skal trivast og bli verande.
Responsen lot ikkje vente på seg, for ein bransje vi har!
Det vart litt av ein jobb å sortere og lage til gaveposar, eg har framleis mykje igjen til samling i 2024.

Eg laga til nokre teasere som vart delt i nettverket, og dette lokka med seg 24 påmelde.

I forkant av samlinga fekk medlemmane bestille gensar med logoen til OFEL og Jenter i Elektro SF.


Samling 2023

Vi gjennomførte samling som planlagt fredag til laurdag 09-10.juni 2023.

Thon Partner Hotel Jølster sto for møterom, måltid og overnatting.

Det var 22 deltakarar, frå 16-57år. Både elektriker-, automatiserings-, energimontør- og telekommunikasjonsmontørfaget var representert.
Elevar, lærlingar, fagarbeidere, faglærere og høgskuleutdanna i elektrofag.

Å sitte i eit rom fullt i kvinner frå alle krikar og krokar i regionen vår, som alle snakkar varmt om faga sine, gir meg gåsehud. Desse kvinnene er det verdt å jobbe for, målet er at dei skal trivast og bli verande i mange år!

Det vart delt ut profileringsmateriell frå Nelfo og Montørjentene, og alle fekk tid til ein matbit servert av hotellet ved oppstart.

Innlegg både frå OFEL og Montørjentene vart godt mottatt, men kanskje det kjekkaste bidraget var når 57 år gamle (les:unge) Brynhild Løken frå Linja fortalde om si lange erfaring i energibransjen, som energimontør. Dette synes dei yngre deltakarane var særs nyttig.

Sponsorgåvene vart lodda ut, både elbilladar, arbeidskle og -sko tilpassa kvinner, verktøy og anna utstyr.

Etter middagsbuffét vart det sosialt samver til langt på kveld, og ved frukosten samlast vi på nytt, før ein takka for seg.

Vi har fått svært gode tilbakemeldingar frå deltakarane, og frå øvrige medlemmar om at dette er noko dei ønsker at vi gjentek årleg. Vi er pr i dag 70 medlemmar.

#jenterielektro #yrkesstolhet #heiaheia