Vårsamling 2022

Jenter i Elektro

ENDELIG

Etter nokre år med korona kunne vi endeleg arrangere samling eksklusivt for jentene i  den flotte bransjen vår!
No er vi i gong -eit jentenettverk for elektrobransjen i Sogn og Fjordane!
Vi samlast på Brønsj og Briller på Skei i går, ein finfin torsdagskveld i mai.
 

Oppmøte var overveldande bra

Det kom 25 (!!) like og ulike jenter, både kjende og ukjende.

Der var elektrikere, automatikere, dataelektronikere, telekommunikasjonsmontørar og energimontørar (inkludert ei 58 år ung dame som framleis arbeider som energimontør😎!!).
Der var lærlingar, ingeniører og daglege leiarar.
Der var vidaregåandeelevar frå både Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.

Jenter i elektro frå 16 til 58år, spekka med kompetanse, samla i eit rom -ei gåvepakke til bransjen vår!

Ein kveld med både fag og morro

Det vart champagnebrus og mingling, vi vart betre kjend, vi åt knallgod pizza, frukt og bollar. Heidi Lie kom heilt frå Bergen og introduserte oss for kven Montørjentene er, og kva dei arbeider med.

Vi brukte tid på å diskuterte viktige og alvorlige tema, som garderobeproblematikk, trakassering og varsling -men brukte mesteparten av kvelden til å lære meir om kvarandre, og le høgt av gode historier og morsomme innslag frå jentene.

Tusen takk for denne gong, eg gler meg til neste samling🥰

#jenterielektro #yrkesstolhet #heiaheia