Med fokus på god psykisk helse

Visste du at i løpet av ein heilt vanleg dag har 95 % av oss skrullete tankar?

Dette Tankevirus-kurset er for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring i Vestland.

Kurset er nettbasert, gratis og har 3 samlingar – alle på mandagar kl 18:00-19:30. Datoane for samlingar er 06.03, 13.03 og 20.03.23. Du deltek gjennom chat, utan kamera.

Vil du vite meir om kurset, sjå kursinfo eller https://tankevirus.no/tankevirus/

Frist for påmelding er 27.februar kl 12:00 HER

Vi sender ut mail med påminning i forkant og med nettlenke til kurset. Hugs å sjekke om mailar frå oss havnar i søppelpost.

Dei første som melder seg på får plass. Er kurset fullt når du melder deg på, blir du sett på venteliste. Får du ikkje plass på kurset denne gongen, sender vi deg ein mail dersom vi set opp fleire kurs.