Opnar støttetelefon for ungdom

Kvar ettermiddag fram til august sit psykologistudentar klare til å prate med skuleungdom som har det tøft for tida.

Støttetelefonen for betre psykisk helse opnar 29. mars.

 

Til lærlingar:
Eit år med covid19, gjentatte stengingar og krav om å halde avstand har gått ut over mange ungdommar si psykiske helse. Har du behov for å snakke med nokon om det som er vanskeleg i livet?

Du er velkommen til å ringe vår støttetelefon på tlf. 51 20 71 21. Telefonlina opnar måndag 29. mars, og vil vere  open alle kvardagar frå kl 14-21.30. Dei som svarar på telefonen er psykologistudentar frå Universitet i Bergen, som kan gi deg råd, rettleiing eller berre vere ein å prate med. Du kan også ringe dersom du er ura for ein ven eller andre. Du kan ringe anonymt.

 

Les meir her:

https://www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2021/opnar-opp-igjen-stottetelefon-for-ungdom/