9.klasse

Besøk på Skei Skule

Vi fekk invitasjon frå ei kjekke dame, Gro-Merete Sårheim Dvergsdal, som er rådgjevar ved Skei skule.

Ho utfordra oss til å stille med noko «praktisk elektronikk» for elevane i 9.klasse.
Utplassering har vore ei utfordring for ungdomskulane når korona har herja, derfor ynskjer dei hjelp til den praktiske biten, å introdusere delar av faga våre. Dette er ein kremjobb for oss i OFEL!

Vi kontakta to av våre lærebedrifter, Ulvesund Elektro AS og Vestland Elektro og Rør AS.
Dei stilte med flott utstyr -robot og el-installasjon av stikk, brytar og lampe.

Det vart ein kjekk dag med engasjerte elevar. Dei viste forståelse og interesse for oppgåvene dei fekk.
Vi takkar lærebedriftene våre for godt samarbeid og håper dei har hatt det like morro!

El-installasjon med Vestland Elektro og Rør AS

Stian Årdalsbakke frå avd Jølster forklarar og viser elevane.

.. Og det blei lys!


Cobot med Ulvesund Elektro AS

Johnny Sørland og Sivert Solvåg hadde med Cobot frå Universal Robots.

Elevane skjønte programmering av coboten veldig raskt!