Jøran og Andreas er lærlingar i Bravida

Viser fram arbeidet sitt i det nye psykiatribygget i Førde!

Interiør og fargar

Jøran Fjellkårstad og Andreas Skålvik har jobba lenge med å bidra til Helse Førde sitt nybygg for psykiatri. No er det overlevering om berre nokre få dagar, og eg har fått snike meg med på ei aldri så lita omvisning.

Eg må sei eg er imponert!

Her er ikkje overlete noko til tilfeldigheita. Fargar, detaljar, kunst og treverk. Alt passar i hop. Det er ein behageleg flyt i lys og kontrast når vi går gjennom gangane. Store vindauge slepp inn mykje dagslys, og syner blant anna tre flotte atrium i senter av bygget. Dei er flotte no, og vert nok enda flottare til våren!

Det vi fagfolk veit, når vi ser slike slette flater og reine inntrykk, er at her ligg det mykje arbeid bak, og eit godt skjult anlegg.

ofel bravida elektro

Teknologien på plass

Dersom ein myser litt kan ein skimte avanserte system, møysommeleg plassert i omgivelsane.
Desse er med på å gjere avdelingane trygge og gode for både brukarar og tilsette.
Guidane mine, elektrikarlærlingane, syner fram adgangskontroll, brannvarslingsanlegg, nødlys, KNX og alarmsystem for brukar og tilsett.
Her har dei jobba på tvers av fleire faggrupper, leverandørar og lokale firma.
Det er som ein kompleks elektro-godtebutikk!!

Elektro ofel bravida
Alle termostat-deksel som er lik dette, er det Andreas som har laga. Det var behov for sterkare materiale, så då 3D-printa, pussa og lakkerte Andreas dei sjølve.

Ventilasjon på taket

Dei to karane viser stolt fram arbeidet sitt. Vi går gjennom kvar rubbel og bit, frå 1.etasje og heilt opp på taket.

Der ligg det nemlig fleire store ventilasjonsrom som blant anna Jøran har jobba mykje i. Han seier det har vore kjekt, og syner meg kva ventilar og motorar han har kopla, og kva kabinett som inneheld kva. Det er tydeleg at både kunnskapen og interessa for faget er på plass.

Det må nevnast at Jøran tok fagprøva sist veke og berre har eit par dagar att av lærekontrakta.
Han har fått vidare jobb i Bravida og stortrivst med det!
Vi passerer kontor på kontor. I alle desse har Bravida trekt kablar, kopla og merka.
Eg bøyer meg ned for å studere, tenker eg skal finne eit merke som er limt på skakke. Men nei. Snor-rett, alt saman!
Dersom ein slit med å takle urette linjer, usystematiske kablar, knuter på tråden eller andre styggedommar kan ein trygt ta turen hit.

Eg er mektig imponert.
Her er det straks nedvaska og innflytningsklart, godt jobba!